Malekurs på Balestrand Hotell
Årets første arrangement! Har du ein malerspire i deg eller har du kanskje aldri malt før? Då er du hjarteleg velkomen til malekurs på Balestrand Hotell!
Dato: Lørdag 21. mars
Tid: 18-21
Pris: 440,-
Nivå: Åpent
På kurset møter du kunstnarane Ida, Helena og Tuva, avgangsstudentar ved Kunsthøgskolen i Oslo. Etter fleire år med kunststudiar har dei brei erfaring og stor skaparglede som dei ønskjer å dele vidare.
Du får innføring i fargelære med utgangspunkt i eit felles motiv. Vidare leikar vi oss med fargar, prøver og feilar, og utforskar farge og rom. Vi ser på moglegheiter for personlege uttrykk og stiller spørsmål undervegs: Kva skjer om vi overdriv ein farge? Kva stemning kan vi skape gjennom fargar? Kva vil vi at eit måleri skal kjennast som?
Arrangementet er lågterskel og tilpassa alle nivå, med fokus på å ha det hyggeleg saman. Baren er open for deg som ønskjer noko godt i glaset. Du får sjølvsagt ta med deg det du lagar heim etter kurset, og vi stiller med alt av utstyr.
La oss skape litt maleglede saman<3
Velkomen!
Restrictions
18-års aldersgrense
Waiver
Kjøpte billetter refunderast ikkje.