page view image

Pubkveld med sprell

Det ryktast at Frynsegodene og Linda Eide er i bygda denne helga. Vi opnar difor hotellet for publikummarar og overnattande gjestar, for ein kveld med spel, sprell og overraskingar!

Informasjon
event image

Frynsegodene & Linda Eide kjem på besøk på hotellet! Med dei i huset veit ingen kva som kan skje. Kanskje ikkje ein gong dei sjølve. 

Fredag 31. oktober
Inngang: 150,-
Dører: 20:30
Baren er open til kl. 01  

Frynsegodene består av Kjersti Berge, Eli Versto, Tonje Fløystad og Christina Brunner, saman med Linda Eide. Med mottoet “lite for gehøret, mykje for humøret!” byr dei på lause latterband og garantert god stemning.

Ei full helgeoppleving
Laurdag 1. november blir det språksjov med Linda Eide. Her kan du altså få ei full helgeoppleving. Dei ordinære billettane til sjovet er utselde, men vi held nokre plassar for overnattande gjestar. Ved å tinge rom kan du få reservert billett til laurdagens språksjov òg. Ta med deg ein ven, kjærast eller forelder, for ei helg med opplevingar, overnatting, god mat og hauststemning ved fjorden!

Ting rom og reserver billett gjennom heimesida vår HER


Mat og opphald
Det er avgrensa mattilbod i bygda no som vi er utanom sesong, så her er alt lagt til rette på Balestrand Hotell. Både fredag og laurdag vil det bli servert middag frå Keipen Lokalmat. Middag kan tingast ved booking av rom eller ved å sende oss ein e-post på info@balestrand.com, om du ikkje skal overnatte.

Sjå heimesida vår eller arrangementsida på Facebook for oppdateringar og meir info.

show språk humor lindaeide balestrand balestrandhotell underholdning pubkveld musikk musikkinnslag konsert

Restriksjoner

18+

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.