Hjelp
© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.

Rick Grove kjem heile vegen til Balestrand, for ein solokonsert torsdag 28. mai.
Den norsk-amerikanske artisten, som eigentleg heiter Eirik Aas Grove, har etter fleire år som gitarist i ulike bandmiljø utvikla eit særprega indieuttrykk.
Albumet Ricky er spelt inn live i eit eittroms loftstudio ved Akerselva i Oslo med ein arbeidsmetode som gir eit ope og organisk uttrykk. Det er gjort med god tid og den jorda stemninga ein får når ein har samla laget – som no er blitt eit fem år langt sterkt forhold mellom produsent Mikhael Paskalev og Grove, og eit halvt liv med bandkameratane. Sjølv om Grove er meir front enn nokonsinne, er det ingen tvil om at musikken kling best når han er delt med ekte vener og lidenskapelege musikarar. Det soniske har endra seg frå eit War on Drugs-aktig lydbilde til eit meir intimt Big Thief/MkGee uttrykk. Frå februar 2026 skal ein utolmodig Grove ut på ny turné, denne gongen med musikk i rein adamsdrakt med eit intimt, ærleg og dynamisk sett. Stavanger Aftenblad, som trilla terningkast 6 for albumet Reasons (16. mars 2023).
Med dei norske musikkbransje- og sommarfestivalane, klubbturnear og utanlandske festivalopptredenar alt på ryggen, er Rick sitt soloformat overmodent for å innta scena igjen. No får vi moglegheita til å oppleve musikken til Grove hjå oss på hotellet – ekte, nær og tett på. Velkomen!
Dører: kl. 18
Start: kl. 19
Varigheit: ca. 1 time