Header image

Språksjov med Linda Eide

Sjølvaste Linda Eide kjem til Balestrand Hotell, med språksjovet Muffens i posen!

page view image
Arrangementsdato

lørdag 1 nov 2025 19:00

Slutter lørdag 1 nov 2025 20:30
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Billett
Muffens i Posen med Linda Eide Dører: kl. 18:30 Sjovstart: ca. kl. 19:00 Varigheit: Om lag 1,5 t
Utsolgt
event image

Arrangementsinformasjon

Sjølvaste Linda Eide kjem til Balestrand Hotell laurdag 1. november,
med språksjovet Muffens i posen!


Om Muffens i posen: Ein nokså latterleg norsktime

Linda Eide gyv laus på det fascinerande, fantastiske og ytterst irriterande fenomenet som omgir oss tjuefiresju: Språket!

Kva ler vi av? Kva blir vi forbanna av? Kva har vi null kontroll med? Og når er språket på sitt mest imponerande? Muffens i posen er underhaldande folkeopplysning, med ørlite ekstra vekt på underhaldande.

Linda fortel: Namnet på dette sjovet er henta frå ei herleg feilsnakking på norsk radio, og stilen kom ved eit uhell, på Ogna Scene. Bøylemikken funka ikkje, og eg måtte bruka handhaldt mikrofon, og plutseleg kom eg i ein slags standup-modus, noko eg aldri har drive med. Men det eine tok det andre, publikum heia, og ein knallkjekk kveld vart det. Og eg drog vidare med ei forsterka tru på at me alle har lyst til å le, og bli hakket meir opplyst. Og gjerne samtidig.

Til Balestrand Hotell kjem også Frynsegodene. Gruppa består av Kjersti Berge, Eli Versto, Tonje Fløystad, Christina Brunner, saman med Eide. Med mottoet “lite for gehøret, mykje for humøret!” byr dei på ei musikkoppleving utanom det vanlege - og sørgjer elles for å bidra med smittande humør og truleg høg latter gjennom kvelden.

Sjå heimesida vår eller arrangementsida på Facebook for oppdateringar og meir info.

Ta med deg ein kjærast, ein ven eller ein forelder – og kombiner sjovet med overnatting, sauna, god mat og hauststemning ved fjorden.

Ting rom og reserver billett gjennom heimesida vår HER

Restriksjoner

18+

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.

Tags

show
språk
språkshow
humor
opplysing
lindaeide
balestrand
balestrandhotell
underholdning
musikk
Organizer
Balestrand Hotell