Konsert med August Selnes
Visesongaren August Selnes kjem til Balestrand!
Den 26 år gamle musikaren har ei heilt unik evne til å fange rommet med ei framsyning som er like kraftfull som ho er stillfaren. Han treng ingen stor innpakning; berre stemma, gitaren og munnspelet er nok til å halde eit heilt publikum i eit fast grep.
Dette kan eventsjef ved Balestrand Hotell, Anna Versto, skrive under på. Som delegat fekk ho oppleve August Selnes på musikkfestivalen Vill Vill Vest hausten 2025, ein konsert som hausta terningkast 6 i Bergens Tidende og blei omtalt som "festivalens kanskje beste konsert til no".
Selnes formidlar spørsmål framfor svar, og serverer melankolsk vakre, hysterisk morosame og spenningsfylte forteljingar. Tekstane hans favnar vidt, frå det kvardagslege og nære til det store og eksistensielle, og publikum trur på han heile vegen. Mange kjem og ventar ein klassisk, lun visekvelv — og går derifrå med noko heilt anna. Han set òg sitt eige preg på songar frå den norske songtradisjonen, og løftar gjerne fram gløymde perler frå vår eigen musikalske arv.
Denne våren slepp August Selnes den etterlengta debutplata Gjennom veggen. Konserten på Balestrand Hotell er ein unik sjanse til å oppleve han på nært hald. Dette vil du ikkje gå glipp av!
Dører: kl. 19
Start: kl. 20
Varigheit: ca. 1 time
Restriktioner
18+
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.