Konsert med CTG på Balestrand Hotell
Frå industristaden Høyanger til kunstbygda Balestrand kjem kvardagsorkesteret CTG med speleglede, trivsel og låtar som får både hjarta og føter i sving. Etter Balestrand Opp – bli med på ein kveld der trivsel og tone går hand i hand, på Balestrand Hotell!

CTG på Balestrand Hotell: Musikk med utsikt til fjord, fjell og fest
Når løypa er gått og beina har fått kvile, opnar vi dørene på Balestrand Hotell for ein kveld med musikk, varme og god stemning. Det er klart for nytt møte mellom CTG og eit feststemt publikum – eit møte vi håpar kan bli ein tradisjon etter Balestrand Opp.
Tider og billettsal:
CTG spelar frå kl. 23:30-01.
Baren på hotellet er open heile kvelden, så kom gjerne tidleg for god stemning og noko godt i glaset.
CTG er eit band som trivst aller best når publikum gjer det same. Me kjem frå kvar vår musikalske sti, men har funne saman om det enkle målet: Å skape gode øyeblikk – med låtar som folk kjenner att, rytmar som får føtene til å røre seg og tonar som inviterer til både smil og song.
Frå rockens gyldne tiår til funky festperler – tak vi deg med på ei musikalsk reise der det viktigaste ikkje er kvar vi kjem frå, men kvar vi skal saman denne kvelden. I fjor vart det ei oppleving vi kjem til å hugse lenge – takka vere dykk som stod framfor scena. Difor gler vi oss ekstra mykje til å sjå både kjente og nye fjes i år.
Anne Lene Hansen – vokal
Vidar Nygård – gitar
Bjarte Johansen – tangentar og gitar
Prikken – bass
Lars Jonas Pedersen – trommer
Ta med deg løpsdrakta, danseskoa eller berre eit ope sinn – og bli med på ein kveld fylt av energi, spelglede og samspel. Velkomen!
Restriktioner
18 års aldersgrense
Ansvarsfriskrivning
Billetten kan ikkje kansellerast eller refunderast.