Pubkveld med Frynsegodene
Etter suksessen førre haust, er vi klare for ein ny runde med pubkveld. Ja, Frynsegodene kjem nok ein gong til Balestrand Hotell!
Med toradaren i sentrum stiller Frynsegodene med stødig komp og godt humør. Kjenner vi dei rett blir det både spel og lått, preiking med kjende og ukjende, toppa med folkrock frå dei britiske øyane. Og kanskje ventar det ein liten quiz òg i løpet av kvelden? Alt kan skje denne fredagen på Balestrand Hotell.
Fredag 2. oktober
Dører: 20:00
Start: 21:30
Billettpris: 150,-
Baren er open til kl. 01
Ei full helgeoppleving
Det blir ei innhaldsrik helg på hotellet, med pubkveld på fredag 2. oktober, og språksjov med Linda Eide laurdag 3. oktober. Her er det med andre ord berre å glede seg.
OBS: Om du vil få med deg begge kveldane tilrår vi å sikre seg billett snarast mogleg, då dei førre året blei fort utselde!
Frynsegodene består av Kjersti Berge, Eli Versto, Tonje Fløystad og Christina Brunner, saman med Linda Eide. Med mottoet “lite for øret, mykje for humøret!” byr dei på lause latterband og god stemning.
Overnatting
Treng du overnatting? Vi har laga eit eige romtilbod for denne helga, der prisen inkluderer frukost. Det kjem meir informasjon om høve til å bestille middag i tillegg. Ting rom som vanleg via bookingsida vår.
Ta med deg ein ven, ein kjærast eller ein forelder, og kombiner sjovet med overnatting, sauna, god mat og hauststemning ved fjorden!
Sjå heimesida vår eller arrangementsida på Facebook for oppdateringar og meir info.
Velkomen!
Restriktioner
18+
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.
