Språksjov med Linda Eide
Etter suksessen førre haust, er det stadfesta: Linda Eide kjem tilbake til Balestrand – med eit heilt nytt språksjov i bagasjen!
LIVET ER EIT SPRÅKSJOV
– Kva språket har gjort med meg
Linda er mildt sagt opptatt av språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen. No har ho skrive bok om det, og laga sjov om det – og kjem til Balestrand Hotell med det!
Om framsyninga
Bli med inn i Lindas språkunivers, og få forteljinga om kva språket har gjort med henne. Heng med frå barndom til språksjov. Frå Fattern sitt sjømannsspråk til Besto sin svarabhaktivokal. Frå han Knut under bakken til ho Peranna på Høgde. Frå Linda er super til verre enn horer i havsnød. Frå journalistutdanning til sparken på dagen.
Dette er scener frå eit språkliv – til glede, sinne, trøyst, og rett som det er, berre blott til lyst.
Laurdag 3. oktober
Dører: 20:00
Start: 21:00
Varigheit: Om lag ein time
Billettpris: 400,-
Ei helg full av språk, musikk og latter
Til Balestrand Hotell kjem også Frynsegodene. Gruppa består av Kjersti Berge, Eli Versto, Tonje Fløystad, Christina Brunner, saman med Eide. Med mottoet “lite for øret, mykje for humøret!” byr dei på lause latterband og garantert god stemning.
Det blir ei innhaldsrik helg på hotellet, med pubkveld med Frynsegodene fredag 2. oktober og språksjov med Linda laurdag 3. oktober. Her er det altså berre å glede seg.
Sjå heimesida vår eller arrangementsida på Facebook for oppdateringar og meir informasjon.
OVERNATTING
Treng du overnatting? Når du kjøper billett til språksjovet, får du tilsendt ein rabattkode som gir redusert pris på overnatting ved Balestrand Hotell.
Ta med deg ein ven, ein kjærast eller ein forelder, og kombiner sjovet med overnatting, sauna, god mat og hauststemning ved fjorden!
Restriktioner
18+
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar blir ikkje refundert.